Lydigheit

Lydigheit 2012

I år har me deltatt på 3 lydigheitsstemne og oppnått 3 pr. i kl. 2 alle gangane. Det eine stemne mangla me berre 9 poeng for å få 2 pr. Litt kjedeleg. Det er fremdeles eg som legg dempar på Freia med min nervøsitet. Så det må eg jobba med.

Lydigheitsstemne 2011

Andre helga i sept. drog Freia og eg over fjellet for å besøka Anne Helen og  Sjur, kjempekoseleg, og i tillegg nytta me sjansen til å delta på vårt andre offisielle lydigheitsmesterskap. Vårt fyrste offisielle meisterskap var på NKK sin store utstilling på Bjerke travbane i august, og der var eg veldig nervøs for egentleg alt :
1.Ville eg finna vegen fram til Bjerke travbane ? ( eg er veldig urutinert som bykøyrar )
2.Ville eg komma tidsnok til stemne eller kom eg til å køyra meg vekk i Oslo.?
3.Ville eg nå både lydigheit og utstillinga ? For eg hadde jo med min optimistiske effiktivitet meldt meg på begge deler.
Ja eg nådde alt, men Freia merka godt at eg stressa og var så nervøs. Så ho prøvde å roa meg ned under lydigheitskonkurransen med alle hundesignal slik som lang-gjespa, sleika seg rundt munnen og bevega seg i slow motion, medan i lydigheit ynskjer ein tempo  i ein del øvelsar. Ho gjorde alle øvelsane rett og fekk me fekk ikkje null på nokon av dei, så me fekk sølvmerke og var to poeng frå 1 pr.
Men tilbake til Gjøvik, vårt andre offisielle lydigheitstemne, fremdeles nervøs men eit mykje mindre stemne. Så her klarde me 1 pr i klasse 1 og  me vart 5 beste hund. Jippi. No har me byrja å trena til lydigheit klasse 2. Spennande og utfordrande.

Frå lydigheitstemne på Gjøvik.

Klubbmeistar 2011

Freia var kjempegira i dag og me fekk topp og nesten topp poengsum på alle 10 øvelsane. Sjølv om dette var eit uoffisielt meisterskap og me fekk bruka godbitar mellom kvar øvelse, så er me kjempekrye bagge to. Det var mange gode konkurrentar og ei kjempetriveleg dommar, Yvonne, frå Tyskland.
Sjå kor fin eg vart med den flotte kransen.

Dekk fra holt.

Hopp over hinder

Stå under marsj.

Marsjøvelsen.

Ein flott dag på alle måtar.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

26.03 | 22:46

Hei! Eg har ingen planar om kull i år. Lykke til vidare og god påske

...
24.03 | 18:43

Herlege små og store vofser. Eg ynskjer meg ei ny brun tispe etter at eg mista mi 14. mars. Har de el. veit de om kvelpar eller ei ung "frøken"?

...
24.05 | 17:53

Hei,vi er på jakt etter en labrador valpe gutt. Er det noe håp?

...
11.04 | 00:24

Kjempekoselege bilder og fint samspel mellom små to og firbeinte

...
Du liker denne siden